Ruth Lillegravens salongdikt til Litteraturhuset i Skien

30.aug. 2019

dei likar bøker, dei likar folk
dei vil lage eit litteraturhus
der folk kan møte bøker

SÅ lagar dei eit litteraturhus
og ser seg aldri tilbake

dei er tuppen og lillemor
dei er thelma og louise
dei er helle og merete

dei er ustoppelege

dei trillar vogner med klirrande flasker
fram og tilbake gjennom byen

dei er pikene på balkongen
dei siktar høgt på litteraturens vegne
kastar lange blikk på Festiviteten, drøymer
om stort hus, flott hus, eige hus, prøver å gå
i allianse med nokre av dei høge mørke som driv
med hotellutbyggingar og andre utbyggingar

merete kniksar
for både politikarar og forretningsmenn
då rynkar helle på nasen – slikt passar seg ikkje
for radikale kvinner, meiner ho

eit kniks her og eit kniks der, det går bra

men vil eigentleg desse høge og mørke
ha litteraturhus?

til slutt blir det for heftig for småpikene

til slutt er det ibsens hus dei flyttar inn i
helle og merete og ideen deira

så bur litteraturhuset i eit lånt hus

slik eit barn bur i ei mor
slik ei russisk dokke bur inni ei annan dokke
men det er slett ikkje eit dokkehjem

dagar blir til veker blir til månader blir til år

og av og til kjem forfattarar veldig seint, av og til
er klokka eitt på sju og anne klar til å avlyse når den
aldrande, kvithåra poeten vandrar inn med trillekoffertane

etter arrangementet opnar han koffertane, sel ut alt han har
lukkar koffertane, og dreg heim

av og til, derimot, kjem forfattarar veldig tidleg
samlivsterapeut-dronninga kjem sju timar før arrangementet
sit på mezzaninen utan at arrangørane veit om det
der står dei, og snakkar om henne i ti minutt
før ho gir seg til kjenne

av og til er det veldig vanskeleg
å halde styr på fornamn og etternamn
berre spør helle – så blir ullmann bildøen
og bildøen ullmann – eller var det
billmann og ulldøen
det er yaya hassan med 5 SPT eller DPT
eller kva det no heiter, politi og hundar og hemmeleg entré

det er helga enger og cecilie flatland – eller var det omvendt?
i alle fall er det 440 selde billettar og 300 meter frå bakerste rad
og fram, forfattarar med stjerner i auga og gråt i halsen

men av og til er det berre 8 selde billett

av og til vil forfattarar kome for 25.000 kroner
av og til vil forfattarar kome for 90.000 kroner
ingen av dei får kome

og i alt dette som skjer – og ikkje skjer – bur litteraturhuset
orda bur i litteraturhuset og litteraturhuset bur i orda
ord som glør og blør, ord som viftar, vaiar og seier:
her er eg! sjå på meg!

ord som luggar, som klorar og bit, riv og røskar
men også ord som stryk og klappar og klemmer

ord som treng ein heim
og som får flytte inn – linje for linje, side for side

det er ikkje alltid dei hugsar å ta av seg på beina
vaske hendene, helse pent, av og til er dei frekke
i kjeften og smeller med dørene

men andre gonger overraskar dei med
å støvsuge og måke snø til dei vaksne kjem heim

dei har blitt fleire vaksne no
anne og helga, stian, ørjan og kristian og dei andre

hit og dit, opp på scenen og ned av scenen

rigge opp, rigge ned

gjennom gatene, gjennom byen

stadig nye forfattarar
stadig nye arrangement
stadig nye publikummarar

dagane, vekene
månadane og åra
hektar seg i kvarandre
nesten utan at me merkar det
— til det har gått 10 år, 3650 dagar
87600 timar og 5 256 000 minutt

alle orda som stuper kråke
som tek ein sein skål på byen
og likevel er på beina att neste morgon
med hes latter og smale auge

ti år, folkens, ti år som hus i huset
som heim for orda og folka og deg og meg

no bur dette huset aller mest i årene og cellene
og porene til alle dei 440 – eller sju – som kjem
som klappar og ler og grin, kjedar seg
irriterer seg, bryr seg

men aller først, før alt byrja, budde det berre
i hovudet til damene som trilla så klirrande og fryktlause
gjennom byen, som ville lage ein heim for folka
og bøkene og orda

dei har slutta å trille øl og vin
dei kniksar ikkje lenger – for nokon som helst

men enno er dei fryktlause og fullstendig sprø
lagar eit heilt årsprogram, ein heil diger litteraturfestival
på ein kveld

enno har dei så mykje dei vil og kan
enno har alt berre så vidt byrja