20.nov. Kl.19:00
BOKBAD & KONSERT: GRYTTEN & QVENILD

Peer Gynt-salen, Ibsenhuset
Dørene åpner kl. 18.30

Kjøp billetter.

Frode Grytten og Morten Qvenild setter ord og musikk til området som er befolket med personell som skal forsvare oss, men som gjerne burde skremme oss mer enn noe annet, til Area 51 i Nevada, USA – Landet bortanfor landet. Musikken speiler delingen mellom naturlig og menneskeskapt, det dynamiske og det kontrollerte.

Samme kveld, et annet sted på kloden, befinner vi oss i en fjord sammen med skyssmann Nils Vik, på sin siste ferd, på sin siste levedag. Den dagen Nils Vik døde er Frode Gryttens siste og kritikerroste roman. En reise i landskap, liv og folk.
Hør Frode Grytten i samtale med Anne Spånem.

I samarbeid med Ibsenhuset og Skienjazzdraget, inviterer vi til en helaften med bok og musikk!


OMRÅDE 51 – LANDET BORTANFOR LANDETEIT POLITISK OG AKUTT VIKTIG VERK AV FRODE GRYTTEN OG MORTEN QVENILD
Vi lever midt i ein krig, ein krig vi ikkje ein gong får auge på, fordi han ikkje blir utkjempa på den tradisjonelle slagmarka. Denne krigen blir utkjempa under bakken og oppe i lufta, med maskinar, kablar, fiber, satelittar, dronar. Det er ein hemmelig krig, klassifisert og usynlig, budsjetta er ikkje underlagt demokratisk kontroll. Dei stridande opererer på svarte område, stadar som ikkje er plotta inn på kartet, i landet som finst bortanfor landet. Krig er blitt ein blodflekk som har trekt så djupt inn i kvardagen at han er farga på same vis som alt rundt seg,
som del av eit vanlig plagg. Vi lever med krigen, slik fisken lever i vatnet. 

Verket ”Landet bortanom landet” tematiserer i ord og musikk denne utviklinga, og viser korleis krig i dag er blitt ei usynlig verd. Det uttrykker ei frykt for at vi ikkje lenger kan opponere mot krigen, fordi han ikkje finst. Vi diskuterer ikkje utviklinga av nye system for å drepe kvarandre, eller militariseringa av himmelrommet, eller dei enorme militærbudsjetta. Dei fleste av oss veit ingenting om programma som er sett i gang og som verkar utanfor oss. ”Landet bortanfor landet” tar oss med til området som er befolka med personell som skal forsvare oss, men som gjerne burde skremme oss meir enn noko anna på kloden.

OMRÅDE 51, eller Area 51 er namnet på eit hemmeleg område i Nevada, der det amerikanske forsvaret testar ut fly og våpensystem. Det er også eit kontrollsenter for avanserte droner. Her blei det legendariske U2-flyet prøvd ut, og viktige delar av teknologien bak måneferdene utvikla. Musikken utspelar seg i dette landskapet, ein stad der ørkenkøntri og tekno lever side om side. Musikken vil spegle delinga mellom det naturlege og det menneskeskapte, det dynamiske og det kontrollerte.

Frode Grytten – Vokal
Morten Qvenild – Musikk og Vokal
Ivar Grydeland – Gitarer, Banjo og Pedal Steel
Stig Gunnar Ringen – Lyd
Jan Erik Holto – Lys og video


Boksalg ved Arkaden Norli.

Billettpriser:
Ordinær: 300,-
LIS-medlem: 200,-
Student: 100,-

Onsdag 20.11 kl. 18.00

Foto(Qvenild, M. & Grytten, F.): Andre Løyning

www.litteraturhusetiskien.no

/ Neste